Vi søkjer etter museumsvert

Søkjer museumsvert

Nordfjord Folkemuseum søkjer initiativrik og engasjert museumsvert med interesse for historie. Stillinga er i hovudsak sommarsesongen 2019, men også utover hausten ved behov.

Jobben består av resepsjonsarbeid, å ta imot publikum, guiding i friluftsmuseet, reinhald og elles førefallande museumsarbeid.

Inga øvre aldersgrense, men du må kunne engelsk og gjerne fleire språk. Søknadsfristen er 31. mars. 

For meir informasjon, kontakt Avdelingsdirektør Anne Kristin Moe, tlf 57884540. Søknad kan sendast til nfm@misf.museum.no.