TEMPORÆR UTSTILLING: PÅ REISE

Utstillinga "På reise".

Vi er dagleg på reise. Til butikken, skulen, jobben, fjellet, treningssenteret eller ein annan stad. Vi går, syklar, går på ski, køyrer bil eller buss og nokre gonger må vi brukte tog eller fly for å rekke over det vi skal. Hesten var truleg sjeldan i bruk på dei 27 millionar yrkes- og fritidsreisene som nordmenn la bak seg i 2018.

Det å reise er ikkje noko nytt for menneska, men omfanget, reisemåtane, tida det tek og moglegheitene er heilt annleis enn for dei som vaks opp tidlegare. Vikingane tok seg fram over dei store hava frå 800-talet – dei kombinerte handel- og oppdagingsreiser. Det same gjer vi i dag når vi fyk over hava med elektroniske handelsvarer i bagasjen.

Utstillinga opna 24. mars og står til 2. juni.