Støylsdag

På støylsdagen kan du lytte til lokale eventyr, prøve kinning og separering, få omvising i støylshusa våre og setje opp trehus i laft og grind.

Bonde- og småbrukarlaget inviterer til mjølkebar med rømask! Kafe med nysteikte sveler!

Inngang: 100 for vaksne og 50 for born.

Aktivitetane føregår frå 12-16, men nokre skjer berre på bestemte tidspunkt: 

12:30 Eventyrstund med Ståle Fitje i Moritsstova
14:00 Omvising på støylen