Søkjer om nasjonalt kulturbygg

Slik ser ein for seg at ein kan sjå Holvikejekta i framtida.

Søknaden går til staten si støtteordning for nasjonale kulturbygg. Tilskot blir gitt til bygg og lokale for institusjonar og tiltak som har ei nasjonal oppgåve, ein landsomfattande funksjon eller ein viktig landsdelsfunksjon. Det er kriterium som eit vernebygg for Holvikejekta tilfredsstiller. Gloppen kommune har allereie garantert for 10 millionar kroner. Og vi søkjer Vestland fylkeskommune om den siste tredjedelen.

Hardanger fartøyvernsenter har utarbeidd ein tilstandsrapport for jekta, og Norconsult har laga eit skisseprosjekt. Vi vil snarleg legge ut eit oppdatert prospekt. 

Jekta, bygd i 1881, er den einaste som er bevart i opphaveleg stand i landet. Den klinkbygd, ein handverkstradisjon som går 3000 år tilbake i tid, og som det blir arbeidd for å få inn på UNESCO si verdsarvliste. Jekta batt Vestlandet saman. Med sine 20 meter i lengde og over åtte meter i breidde, kunne den fyllast med mykje ved på turane til Bergen. I tillegg til famnved, var det vanleg å ha med material, tynneband, bastetau, never, tønner og skrin, heimevove tøy og andre heimelaga produkt til å selje i byen. Av større ting jekta tok med var færingar (båtar) og mastestolpar. Med seg tilbake hadde jekta mjøl, sukker, salt, klede og anna frå byen. I løpet av eitt år hadde jekta to-til fire turar til Bergen. Holvikejekta er unik, men representerer også ei næring som involverte store delar av folket på Vestlandet. Ho er unik i den forstand at andre jekter av denne storleiken enten er øydelagde eller bygde om med dekk og motor.

Fleire maritime miljø støttar søknaden om vernebygg for Holvikejekta. Det planlagde bygget skal sørgje for vern mot naturkreftene, skadedyr og store svingingar i kllima og miljø. Bygget skal også syte for at at publikum kan kome tettare på jekta og få oppleve det svære skipet frå ulike perspektiv.