Opningstider og prisar

Nordfjord Folkemuseum Resepsjon

Foto: Espen Mills
 

Opningstider

Til og med 20.juni:
Tysdag-fredag: 11-17

Frå 21. juni til 31. august:
Alle dagar: 11-18 
 

Billettprisar
Vaksne                      kr 100,- 
Born over 7 år           kr 50,-

Ein må løyse billett om ein vil besøke museet i opningstida, også friluftsmuseet (Jølet).
Gratis*: Born under 7 år – skulegrupper – følgje for funksjonshemma/eldre – reiseleiarar/sjåførar – presse – medlem av NMF/ICOM.

* Også desse må registrerast i resepsjonen. Skule- og barnehagegrupper må avtale med museet på førehand. 

Dersom du kjem med bil til Nordfjord Folkemuseum er det best å parkere på den store parkeringsplassen ved Trivselshallen/idrettshall. Det er nokre parkeringsplassar for funksjonshemma like ved sjølve museet. Det er gratis parkering.

Omvising

Omvisning må tingast på førehand. For grupper færre enn ti personar: 1000 kroner. For grupper på mellom 10 og 20 personar kr 100,- pr. person. For større grupper, ta kontakt for pris. Omvising for grupper kan også avtalast utanom opningstid.
Kontakt oss då i god tid på telefon 480 63 234 eller nfm@misf.museum.no