Opningstider i sommar

Utvida opningstider på Nordfjord Folkemuseum i sommar.

Frå 29. juni til 31. august er Nordfjord Folkemuseum ope frå 10-18 alle dagar. I friluftsmuseet kan du rusle rundt og kikke på dei 44 antikvariske husa på området. Nokre av dei er inreidde slik dei kan ha sett ut då dei var i bruk på 17-1800-talet. Inne i hovudbygget er det i sommar ei utstilling om "Alle gode ting av tre", og eit studiomagasin der vi held på med registrering, fotografering og gjennomgang av gjenstandar i samlingane. 

Dei som ynskjer det kan be om ei guida omvising på området når de kjem på besøk! Velkomne!