Føredrag om hovudplagg og folkedraktstradisjonar i Noreg

Søndag 8. mai inviterer Nordfjord Folkemuseum til museumssøndag med fokus på folkedrakttradisjonane våre. No som nasjonaldagen nærmar seg og alle og ein kvar byrjar å stryke skjorter og pusse sølv, tar museet ein kikk tilbake på røtene til den rike bunadtradisjonen i Norge.

Dagen byr på to lærerike føredrag. Torill Torgnes kjem for å fortelje om Norsk Folkedraktforum sitt prosjekt om bruken av hovudplagg i folkedrakttradisjonen. Prosjektet, som vart starta i 2019, og har hatt som formål å avdekke og dokumentere den breie skikken kring bruken av hovudplagg i Noreg, samt inspirere til å vidareføre skikken i dagens bunadbruk. Prosjektet munna ut i ei utstilling som no vert vist på Stiklestad i Trøndelag.

Torgnes er blant dei som har arbeidd med hovudplagg frå Nordfjord. Saman med føredraget, tar Torgnes med eit utval draktplagg, som gjer moglegheit til å sjå eksempel på nært hald.

- Vi er glade for at Torill Torgnes kjem og fortel om prosjektet, og det er veldig kjekt om andre vil ta med seg draktplagg å vise også, seier museumsleiar Anne Kristin Moe.

Moe har gitt ut fleire bøker om bunader, og på museumssøndagen vil ho fortelje om folkedrakttradisjonane i Nordfjord.

-Folkedrakttradisjonen er mangfaldig, og i Nordfjord var det mange variantar av drakter på 1800-talet, seier museumsleiaren. I foredraget vil ho både fortelje og vise bilde av folkedrakter frå ulike kunstnarar og fotografar.

I anledning dagen vil museumsbutikken ha trykte illustrasjonar av folkedrakter frå Nordfjord for sal. Det blir høve til å sjå utstillingar og innsida av husa i friluftsmuseet, kafeen held ope med sal av kaffi og anna godt.

For meir informasjon, kontakt museumsleiar Anne Kristin Moe,
95 14 18 94 /
annmoe@misf.no