Museumssøndag - Påskemysteriet på museet

Palmesøndag 10. april held Nordfjord Folkemuseum ope med eit spesiallaga påskeprogram, og denne dagen kan du bli ein vaskekte detektiv. Nordmenn har ein sterk og noko unik forkjærleik for krimlitteratur. Norske detektivromanar kom allereie tidleg på 1800-talet, og kring fyrste verdskrig blei krim ein sentral norsk sjanger. I tida etter andre verdskrig tok populariteten seg opp vidare, og i dag utgjer krimlitteratur ein usedvanleg stor del av det årlege boksalet i Norge.


Palmesøndag heidrar museet denne tradisjonen med eit spesiallaga, interaktivt påskemysterium ute i friluftsmuseet. Her må publikum utforske dei antikvariske husa, samle hint og løyse oppgåver for å kome til botn i eit mordmysterium på fiktive Jølet gard.


- Vi prøver noko nytt denne påska. Dette er eit opplegg som passar godt for dei som liker Escape Room, og dei som liker å sette saman hint og finne svar sjølve, seier museumspedagog Trine Anette Fostervold. Yngre barn bør følgjast, og det kan vere ein fin familieaktivitet til å innleie påska med. Elles trur vi opplegget er passande for unge vaksne, og sjølvsagt alle som liker gåter og mysterium, fortset Fostervold.

I tillegg til å løyse påskekrimmen kan ein lage eigen påskepynt, sjå årets utstilling om Sjukdommane som endra historia og gjere andre aktivitetar ute i friluftsmuseet. Museumsbutikken held ope med sal av blant anna gamle bilete brukt i tidlegare utstillingar og kafeen held ope med sal av kaffi og anna godt.

Sjå Facebook og nettsida til museet for meir informasjon, eller ta kontakt med museumspedagog Trine Anette Fostervold på trifos@misf.no

 

Museet har påskeope måndag 11. - onsdag 13.april frå kl. 11-16, desse dagane vil det vere mogleg å løyse ein mindre variant av påskemysteriet.

 

Pris alle dagar kr. 50,- for born, kr. 100,- for vaksne.

Vel møtt!