Museumssøndag 27.februar

Søndag 27. februar inviterer museet til feiring av fastelavn med aktivitetar, eventyrstund, høve til å sjå ny utstilling og sal av fastelavnsbollar. Vi held ope frå kl. 11-16

Denne dagen kan du ta med familie eller ein ven og blant anna lage din eigen fastelavnsris. Skikken kring fastelavnsriset strekk seg langt bak i tid. Bjørkeriset har lange, historiske tradisjonar og er truleg knyta til fruktbarheisritualer i førkristen tid.

Det blir eventyrfortelling for dei minste kl. 12, høve til å sjå inne i dei antikvariske husa og aktivitetar ein kan gjere saman ute i friluftsmuseet.

No i februar opna vi årets nye utstilling med namn «Sjukdommane som endra historia». Utstillinga presenterer sjukdommar som har hatt stor påverknad på verda opp gjennom tida og kva konsekvensane har vert for dei nasjonale og globale samfunna. Frå Svartedauen med sitt rike segnmateriale til korona og heimekontor viser denne utstillinga at sjukdommar har hatt større innflyting på desse samfunna enn vi kanskje er klar over. Museumspedagog Trine Anette Fostervold vil halde ein spesiell introduksjon og gjennomgang av utstillinga og korleis den kom til kl. 13.30. 

Museumsbutikken vil ha utsal av printa bilete brukt i tidlegare utstillingar. Dette er bilete i god stand som viser ulike, historiske tema, og  som elles ville blitt kasta, seier museumspedagog Trine Anette Fostervold/museumsvert Ingvild Førde/museumsleiar Anne Kristin Moe.
Det er ein flott moglegheit til å få historiske bilete klar til montering for ein god pris, fortset Fostervold/Førde/Moe.

Kafeen held ope med sal av kaffi og fastelavnsbollar.

For meir informasjon, sjå Facebook eller nordfjord.museum.no, eller ta kontakt med Trine Anette Fostervold på trifos@misf.no.

Vel møtt!