Vi søkjer sommarvertar!

Foto: Thomas Bickhardt/BickFoto

Vil du, eller kjenner du nokon, som vil jobbe med oss i sommar? No kan du søkje på jobben - søknadsfristen er 27.februar.

https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/219736/sommarvert

 

Sommaren er normalt ei travel tid på museet, med mange besøkande som vil oppleve utstillingane, dei kulturhistoriske samlingane, kulturlandskapet og friluftsområda på museet.

Som sommarvert spelar du ei viktig rolle i sesongavviklinga, og du vil ta del i og løyse mange oppgåver på museet, både åleine og saman med andre.

 

For meir informasjon, ta kontakt med museumsleiar Anne Kristin Moe på tlf. 95 14 18 94.

 

Foto: Thomas Bickhardt/BickFoto