
Våren 2020 endra verda seg då ein usynleg organisme sette oss ut av spel. Det er ikkje fyrste gong, og heller ikkje siste gong, at bakteriar og virus endrar verda. I denne utstillinga ser vi på nokre av tidlegare tiders sjukdom og epidemiar, og korleis desse, til liks med «koronaen», har endra verda vi lever i.
Utstillinga står til desember 2022.