Lansering av Jul i Nordfjord 25.november 2021

Torsdag 25. november er det bladslepp av Jul i Nordfjord på Nordfjord Folkemuseum!

 

Denne dagen vil museet opne for sal av tidsskriftet, gje publikum føredrag frå eit utval av forfattarane, opne årets juleutstilling òg opne årets julebutikk med sal av tradisjonell julepynt. Det blir òg open kafé og moglegheit for å sjå utstillinga Fritid på torsdag, museet håpar å sjå så mange som mogleg denne dagen.

 

Årets utgåve av Jul i Nordfjord har eit variert innhald med både historisk, kulturelt og kunstnarisk stoff. Mellom anna fortel Anne Kristin Moe om nissens utvikling som kulturell figur, Fridtjov Urdal fortel om Nasjonalromantikk i Nordfjord og Kari Standal Pavelich skriv om årets forestilling på Opera Nordfjord i 2021. Bladet inneheld òg dikt av Mai Elise Hammer og kunstverk av Elise Årdal. Marie Røyset har skrive ein artikkel om det tradisjonelle handverket sprang og Kristian Solvang gir historisk bakgrunn for eit mangfald av stadnamn i Nordfjord.

 

På lanseringa kjem Marie Nicolaisen og Annette L. Holme for å halde føredrag om artiklane dei har skreve i tidsskriftet. Då landet stengte ned i mars 2020 nytta kulturhistorikar Marie Nicolaisen høve til å lese seg opp på ulike tidlegare sjukdommar og pandemiar. I innlegget vil ho fortelje om nokre av desse sjukdomane og korleis dei endra verda. Skulelova i 1860 opna for at kvinner kunne ta arbeid som lærar. Likevel må vi fram på 1890-åra før kvinner tok steget bak kateteret. Kvifor tok det så lang tid? Dette har Annette L. Holme forsøkt å svare på i artikkelen som ho skal fortelje om på arrangementet på torsdag.

 

Museet opnar òg årets juleutstilling, som handlar om korleis nissen som kulturelt fenomen har endra seg over hundreåra. Der får publikum mellom anna sjå at nissens drakt har utvikla seg frå folkedrakt og islender til dagens karakteristiske heilraude drakt, samt andre gjenstandar frå samlinga som er knyta til nissens mange framstillingar.

 

Det er ikkje berre nisseutstilling ein kan finne på museet framover mot jul. Museumsbutikken har blitt gjort om til julebutikk, og her kan ein finne julegåver og pynt til både store og små pakkar i år.

 

Vi har kjøpt rekonstruert julepynt frå slutten av 1800-talet, så her kan ein finne alt frå fuglar og fisk til fine reflektorkuler og spir. Pynten er produsert i Tyskland og alt er handmåla og produsert på gamaldags vis. Ein kan òg finne litt meir moderne pynt og motiv frå Theodor Kittelsen sine kjente kunstverk i julebutikken, samt dei populære Holvikejekta-t-skjortene frå Gloppen Sogelag. Julebutikken opnar 25.november, og vil vere open tysdag-fredag heilt fram til veslejulaftan.