Førjulsmoro på Nordfjord Folkemuseum 5. og 12.desember

 

I år kan vi endeleg ynskje velkommen til jul på Nordfjord Folkemuseum!

Vi tilbyr aktivitetar for store og små, julefortellingar og omvisning inne i våre julepynta hus.

 

Program:
- Julefortellingar kl. 11.30
- Lysstøyping frå kl. 12.00-14.00
- Omvisning i julepynta hus kl. 14.15
- Aktivitetsstasjon og kafé open heile dagen.

Det blir muligheiter til å sjå vår nye utstilling om Nissen som handlar om korleis nissen som kulturelt fenomen har endra seg gjennom tidene. Her får de sjå blant anna at nissens drakt har utvikla seg frå nikkers og tresko til dagens karakteristiske heilraude drakt, samt andre gjenstandar frå samlinga som er knytta til nissens mange framstillingar. Det er også siste moglegheit til å sjå utstillinga vår Fritid, som er årets hovudutstilling.

I julebutikken kan de finne vår nye bok – Nordfjord Folkemuseum i hundre år – vi har rekonstruert historisk julepynt i glas som er handlaga i Tyskland, vi har Gloppen Sogelag sine populære Holvikejekta-tskjorter, samt mange andre flotte julegåver.

Kafeen held ope og det vil vere muligheiter til å kjøpe noko å varme seg på.

Pris kr. 100,- for vaksne, kr. 50,- for born.