Museumssøndag 3.oktober med Lars Marius Garshol

 

Velkomen til føredrag om ølbrygging ved haustens fyrste museumssøndag, 3. oktober!

Vi har gleda av å ta imot ølhistorikar Lars Marius Garshol som skal fortelje om den unike bryggetradisjonen i Nordfjord.

 

Nordfjord har i likheit med resten av Noreg hatt ein veldig sterk tradisjon for brygging på gardane som går langt attende.
Det spesielle med Nordfjord er at både bryggetradisjonane og ølgjæren som har blitt brukt, har overlevd heilt fram til i dag.

I føredraget får de innblikk på kva som er spesielt med både brygginga og gjæren fra Nordfjord, og på kvifor begge deler no vekk oppsikt i resten av Noreg og i utlandet.

Lars Marius Garshol er ein IT-ingeniør som har gått over til å bli ølhistorikar. Han har i mange år besøkt tradisjonelle bryggarar i norske bygder og gravd i arkivmateriale for å lære om dei gamle bryggemetodane. Han har blitt internasjonalt kjent for sitt arbeid med norsk tradisjonsøl og særleg den norske ølgjæren kveik.

 

Museet held ope frå kl.11-17, og føredraget startar kl.14:00.
Billett kr. 100,-

Kafeen held óg ope med salg av kaffi, sveler og mykje anna godt.

Museet følgjer sjølvsagt retningslinjene for smittevern, og passar på at besøket blir trygt og fint.

Vel møtt!