Ny utstilling klar på museet

Noko av det du kan sjå i utstillinga om fritid.

Frå torsdag 4. mars kan du besøke utstillinga vår, som handlar om fritid. I dag brukar mange av oss mykje av fritida vår framfor ein skjerm, men vi kan også velje og vrake i ulike tilbod å fylle tida vår med. For 100 år sidan visste ein knapt kva fritid betydde.

- I det gamle bondehushaldet glei arbeid, pausar og fritid over i kvarandre. Arbeidet følgde lyset og rytmen gjennom døgnet og årstidene. Dei einaste faste tidene med fri var helge- og høgtidsdagar, fortel museumsleiar ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe.

På museet kan ein no sjå resultatet av djupdykket vi har teke ned i fritida si historie, som strekkjer seg knappe 100 år tilbake. Fritid er tid som vi verken brukar på betalt eller ubetalt arbeid, søvn eller personleg pleie. Emnet femnar om friluftsliv, kulturtilbod, hobbyar, mediebruk, hagestell, sport og sosial omgang med familie og vener.

Lag og organisasjonar har prega fritida vår gjennom heile perioden. Dei var ei moderne samvær- og samarbeidsform, som overtok for den tradisjonelle dugnaden og det uformelle samværet. I starten vart dei stifta for å passe på at vi ikkje brukte den frie tida til lediggang, men kunne delta i aktivitetar og ha møtestadar som gjorde ein til gode samfunnsborgarar. Det viktigaste var ikkje om ein dreiv med idrett, var engasjert i fråhaldssaka, eller handarbeid. Det var sjølve deltakinga og det å fylle tida med noko som betydde noko.

- Organisasjonane fungerte som skular i demokrati, og dei og fremma opplysing, lese- og skrivetrening, seier Moe.

Kva gjer du på i fritida?

Utviklinga fram til i dag har vore enorm – både har teknologiske nyvinningar, som elektrisitet og hushaldningsartiklar, vegar og framkomstmiddel, saman med likestilling og eit endra syn på barn og unge, gjort at vi kan velje frå øvste hylle i ei endelaus rekkje av aktivitetar, hendingar og tilbydarar. Til denne utstillinga har museet også vore så heldige å få låne inn fleire kostymer frå Opera Nordfjord.

Dei første norske kulturinstitusjonane kom på midten av 1800-talet. Det er likevel først i etterkrigstida vi ser at ein går inn for å spreie kulturen til heile landet, med innføring av riksteater, riksgalleri og liknande. Frå 1970-talet vart ein meir opptekne av desentralisering, og at det skulle finnast regionale institusjonar som ga folk eit kulturtilbod. Vi håpar både små og store vil kunne dra kjensel på mange av gjenstandane, og at publikum vil dele sine fritidshistorier.

På grunn av omsyn til smittevern og regelverk vil ikkje museet ha eit eige opningsarrangement denne gongen, men publikum er hjarteleg velkomne til å kome å sjå utstillinga.

- Vi håpar vi kan setje opp spanande aktivitetar ut over året. Vi har også utvida opningstidene våre, slik at det blir enklare for fleire å bruke noko av fritida si her hos oss, seier Moe.

Museet er frå 4. mars ope frå 11-17 tysdag til fredag. Frå 21.juni er museet ope alle dagar 10-18. Utstillinga står ut 2021.