Ledig stilling som museumsvert

Vi har ledig stilling som museumsvert.

Vi søkjer ein person med interesse og engasjement for museum og kulturhistorie, og som evnar å spegle dette i ei vertskapsrolle på vårt museum. Museumsverten er vårt ansikt utad, og skal yte sørvis og gje god informasjon til dei ulike publikumsgruppene og besøkande på museet. Vidare er museumsverten kontaktpunkt mellom museet og eksterne samarbeidspartar.

Som museumsvert vil arbeidsoppgåvene dine vere:

  • Vertskap for besøkande på museet
  • Førstelineoppgåver (telefon, e-post, resepsjon)
  • Ansvar for drift og utvikling av museumsbutikk og kafe
  • Ansvar for utleige av museet sine lokale
  • Oppfølging og utvikling av samarbeid med eksterne aktørar
  • Medverke ved planlegging og gjennomføring av arrangement
  • Administrative oppgåver knytt til marknadsføring, kommunikasjon, arkiv og digital samhandling internt og eksternt
  • Støtte til museumspedagog og museumsleiar ved behov

Arbeidet ved museet vil vere prega av sesongsvingingar, og du må rekne med intensive arbeidsperiodar, så vel som noko arbeid på kveldstid og i helg.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har:

  • generell studiekompetanse
  • erfaring med matlaging/baking
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • erfaring med bruk av digitale verktøy
  • erfaring med kontorarbeid og administrative oppgåver

Det tel positivt, men er ikkje eit krav, at du har erfaring med å vere i ei vertskapsrolle.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • handlar på eige initiativ, får ting til å skje og tar ansvar for resultat
  • har ei systematisk og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene dine
  • evnar å tenke nytt, tilpassar deg og trivast med endringar, og ser utfordringar som moglegheiter 
  • trivast med både individuelt og team-basert arbeid, og viser gode samarbeidsevner
  • er stødig og til å lite på
  • tilpasser deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver

Du kan lese heile stillingsutlysinga og søkje på jobben her.