Jul på Nordfjord Folkemuseum

Jul i stove frå 1960-talet på Nordfjord Folkemuseum.

Fristar det å sove på golvet i eit lag av halm på sjølvaste julenatta? Det var ein del av julefeiringa på 1600-talet og framover. På Nordfjord Folkemuseum kan du besøke ei slik stove og få eit innblikk i korleis juletradisjonane har endra seg gjennom tidene.

Julenatta var alle overnaturlege vesen på farten, og difor var det viktig å verne seg mot dei og samstundes vise dei velvilje. Difor la folket seg på halmseng på golvet, let maten stå framme og heldt ei tent lys i stova heile natta.

- Julehøgtida var enkel sett i lys av vår feiring, men før i tida var kontrasten til kvardagen endå større enn no. Det var mykje førebuing med mat, ved og arbeid som måtte vere ferdig til jula vart ringt inn, for i høgtida skulle ein ikkje arbeide, fortel museumsleiar ved Nordfjord Folkemusem, Anne Kristin Moe.

Museet har på grunn av pandemien avlyst den tradisjonelle julemarknaden som plar trekkje mange folk. Likevel meiner dei at det er viktig å ha eit avgrensa og trygt tilbod, når mange av dei vanlege aktivitetane og tilboda i samfunnet er reduserte eller heilt stengde.

- Tre av husa i friluftsmuseet er pynta til jul, så folk kan også få sjå juletre og ei julepynta stove frå tidleg 1900 og ikkje minst ei stove frå 1960-talet. Den vil nok vekkje minner for mange, trur Moe.

For å ta mest mogleg omsyn til dei som ynskjer å kjenne på julestemninga frå farne tider, har museet utvida opningstidene, og held, i tillegg til kvardagane, ope kvar helg, fram til 18. desember.

- Nokre av husa er små, og der vil det vere avgrensa kor mange som kan vere til ei kvar tid, elles er det god plass både inne og ute. Og med utvida opningstider håpar vi at folk vil ta turen innom, seier museumsleiaren.

Øl til jul

Dei siste åra har museet også sett opp ei utstilling med jul som tema. I år er det utviklinga frå øl til jul til juleøl som er løfta fram.

- I Gulatingslova frå 1000-talet var det strenge straffer for den som let vere å brygge øl. Først ei bot på tre øre, som svarte til verdien av ei halv ku. Om ein ikkje hadde brygga til jul dei siste tre åra kunne ein bli dømd til landsforvising og fråteken gard og grunn.

I utstillinga kan ein også sjå ølbollar og andre tradisjonelle drikkekar, utstyr til servering og til brygging. Dei to opne helgane i desember blir det demonstrasjon av korleis ein bryggar øl og sukkerøl.

- Ølet var i middelalderen og langt inn i moderne tid den mest vanlege drikka ved matbordet, ikkje berre til jul og høgtider. I dag tenkjer vi fort på øl som ein alkoholhaldig drikk, men slik treng det ikkje vere. Sukkerøl var eit sjølvsagt innslag i bondeheimar frå slutten av 1800-talet, seier Moe.

November og desember er også siste sjanse til å få med seg jubileumsutstillinga, som markerer Nordfjord Folkemuseum sine 100 år.