AVLYST Museumssøndag: Jul i Nordfjord og utstillingsopning

Jul i Nordfjord får du kjøpt i bokhandlar rundt om i Nordfjord.

Koronaviruset og oppmodinga om å halde seg heime, gjer at vi med tungt hjarte set ein stoppar for lanseringsarrangementet og utstillingaopninga som vi hadde planlagt! Du kan få kjøpe årets utgåve av "Jul i Nordfjord" på museet frå 16. november!

---------------

15. november kan du sikre deg årets utgåve av Jul i Nordfjord, og få ei lita dose julestemning med på kjøpet! Vi presenterer nokre av emna i bladet og tonset det med vakker musikk. Vi opnar også årets juleutstilling, som denne gongen handlar om "Øl til jul". Fleire av husa er også pynta til jul!

Museet opnar dørene klokka 12, medan programmet startar klokka 13:00
Else Tystad om bygdeslaktaren
Åse Ryssdal Sæther syng og fortel om St.Mortensvisa
Anne Kristin Moe fortel om ølbrygging
Folkemusikar Ingrid Heieren skapar julestemning med hardingfela

Du kan også lære meir om ølbrygging gjennom årets juleutstilling, som har dette som tema.
Gratis inngang! Open kafe.

I årets utgåve av Jul i Nordfjord kan du mellom lese meir om bygdeslaktaren i Hornindal, St. Mortensvisa i Nordfjord, den tyske kommandanten på Stad og kunstnaren Jone Skjensvold. Med andre ord - mykje godt lesestoff til førejulstida, eller sjølve jula om du klarer å vente!