Museumssøndag: Jubileumsseminar

Inngangen til friluftsmuseet markerer også 100-årsdagen.

2020 markerer Nordfjord Folkemuseum sitt 100 års jubileum. No kan du bli med på feiringa og samstundes få ny kunnskap om kvifor museet har akkurat dei gjenstandane som dei har i samlinga.

Museet opnar dørene klokka 12, medan programmet på jubileumsseminaret startar klokka 13. Då kan du få med deg desse innlegga:

  • Museumssamlinga gjennom 100 år v/ Karoline Stubberud Eide
  • Frå nordfjordtun til moderne museum v/Anne Kristin Moe

Inngang 100,-   Open kafe   Maks 50 personar

Djupdykk i museumshistoria

- Starten av 1900-talet var folkemusea si tid. Museum hadde eksistert i fleire hundre år før det, men dette med å syne bøndene sin kultur, til og med syne fram husa deira var noko heilt nytt, fortel avdelingsdirektør Anne Kristin Moe.

Under museumssøndagen held ho eit innlegg der ho fortel meir om kvifor og korleis museet vart stifta. Kva som var inspirasjonskjeldene og ho peikar på kva som har kjenneteikna Nordfjord Folkemuseum gjennom desse 100 åra som har gått.

- Inspirasjonen kom mellom anna frå museum i byane og verdsutstillingar. Dette skjedde om lag på same tid som det var utskifting på gardane, ei ungdomsrørsle i stor framgang og utvikling av ein norsk identitet, seier Moe.

Tema for masteroppgåve

I høve jubileumsfeiringa har museet også sett opp ei utstillinga der publikum får sjå nokre av dei første gjenstandane som kom inn, og andre gjenstandar som på ulikt vis representerer spesifikke tema eller periodar som har vore viktige. Mange nyare gjenstandar, som kan vekkje minner for folk i alle aldrar, er også henta fram frå magasina.

Den siste tida har samlingane og registreringa av desse blitt saumfarte av masterstudent i museologi og kulturarvstudiar, Karoline Stubberud Eide. Ho vil også halde innlegg på museumssøndagen, der ho fortel om nokre av funna frå oppgåva, som ho held på med innspurten på.  

- Noko av det eg har sett nærare på er kvifor ein har teke inn akkurat dei gjenstandane som er i samlinga. Det har også vore spanande å sjå nærare på kva ein aktivt har gått ut og samla inn og kva som har kome til museet på ein passiv måte. Gjennom åra har samlinga også utvikla seg mykje, og det er også eit tema i oppgåva, fortel Eide.

På bakgrunn av koronapandemien og smitteomsyn har museet ei avgrensing på 50 gjestar under museumssøndagen.

- Dei som ynskjer å vere sikre på å få plass kan ringe for å bestille, men det er også mogleg å kjøpe billett i døra.