Museumssøndag: Andre verdskrig

Kaffierstatning var del av kvardagen for mange under andre verdskrig.

For 75 år sidan vart Noreg frigjort etter den tyske okkupasjonen. Vi markerer den historiske hendinga med eit føredrag om tyskarane sine planar og intensjonar i ytre delar av regionen, og avsluttar med eit besøk i "Russehola".

Program:
12:00 Museet opnar
13:00 Bjørn Erik Jensen, lokalhistorikar frå Selje: Kva ville tyskarane i ytre Nordfjord?
14:00 Avreise til Sandsstøylen (50,- i bompengar)
14:30 Tur til Russehola, der Bjarte Rygg fortel om dei som budde der og hjelparane deira

På grunn av smittevernomsyn er det berre plass til 50 personar i lokala på museet. Besøkande må ordne transport til Sand

sstøylen sjølve.

Inngang: 100 kroner

Kafé med kaffi og sveler

Bjørn Erik Jensen har stor interesse for krigs- og lokalhistorie, spesielt i dei ytre områda av Nordfjord. Han har vore prosjektleiar for Riksantikvaren sitt skjøtsels- og konserveringsprosjekt på Selja kloster.

Russehola er staden der fire russiske fangar, som hadde rømt frå fangeleiren på Sandane, hadde tilhold frå oktober 1944 til frigjeringa i 1945. Dei var avhengige av lokale medhjelparar for å ikkje bli oppdaga og klare seg gjennom vinteren. Bjarte Rygg er son til ein av medhjelparane. Han fortel om livet og hendingane i Russehola.