Foredrag om husa våre

26. januar klokka 13:00 kan du bli med på omvising i nokre av dei antikvariske husa på Nordfjord Folkemuseum, saman med sivilarkitekt, forfattar og amanuensis ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Kolbjørn Nesje Nybø. Etter omvisinga blir det føredrag av Nybø om byggeskikken og arkitekturen i området vårt. Det blir også høve til å kjøpe boka og få den signert av forfattaren sjølv. Gratis inngang, enkel kafe med kaffi og kaffimat. Vel møtt!

Det er Gloppen Sogelag, Selja Forlag, Norli Sandane og Nordfjord Folkemuseum som saman arrangerer kulturmøtet.