Bygningssamlinga

I friluftsmuseet har Nordfjord Folkemuseum 43 antikvariske bygningar og ein kopi. Du finn fleire opplysningar om dei ulike husa på digitaltmuseum.no, eller ved å klikke på lenkene.

Tettstadhus

Skulehus frå Austrheim, Vereide. Bygd 1863.
Skulehus frå Sydnes, Innvik. Bygd 1846, bustadhus frå 1870.
Fargeri frå Holvik, Vereide. Bygd mellom 1895 og 1900.
Lysthus frå Holvik, Vereide. Bygd mellom 1900 og 1920.
Hundehus frå Holvik, Vereide. Bygd mellom 1910 og 1920.
Hønsehus frå Holvik, Vereide. Bygd 1783.
Inngangsparti frå prestarden i Hornindal, Lødøen i Hornindal. Bygd 1870.


Inn- og uthus – bygningar i klyngetunet

Stove frå Rygg, Gimmestad. Bygd 1861.
Loft frå Heggdal, Innvik. Bygd mellom 1700 og 1800.
Stove frå Otnheim, Selje. Bygd mellom 1500 og 1600.
Stabbur frå Hole, Breim. Bygd mellom 1750 og 1800.
Stall frå Håheim, Olden. Bygd mellom 1850 og 1900.
Fjøs frå Austrheim, Vereide. Bygd mellom 1800 og 1850.
Do frå Indre Davik, Davik. Bygd mellom 1850 og 1900.
Sauefjøs frå Hammar, Utvik. Bygd mellom 1800 og 1900.
Lade frå Frøyset, Utvik. Bygd 1778.
Eldhus frå Sande, Gimmestad. Bygd mellom 1800 og 1900.
Nystove frå Ravnestad, Gimmestad. Bygd 1840.
Matstove frå Midtre Kandal, Breim. Bygd mellom 1700 og 1800.
Stabbur frå Tystad, Vereide. Bygd mellom 1500 og 1700.
Bu frå Bergset, Utvik. Bygd mellom 1650 og 1750.
Lade frå Frislid, Heggjabygda. Bygd 1861.

Innhus – bygningar på gardstunet

Stove frå Sæten, Loen. Bygd mellom 1600 og 1700.
Matstove frå Dispen, Nedstryn. Bygd mellom 1700 og 1750.
Stabbur frå Heggdal, Innvik. Bygd 1593.
Do frå Indre Davik, Davik. Bygd mellom 1850 og 1900.
Smie frå Skår, Vereide. Bygd mellom 1600 og 1700.

Hus i grensa mellom innmark og utmark

Gardfjøs for kyr frå Bergset, Utvik. Bygd mellom 1800 og 1900.
Gardfjøs for gris frå Skår, Oppstryn. Bygd mellom 1800 og 1850.
Kalvehus frå Bergset, Utvik. Bygd mellom 1700 og 1800.
Kalvehus frå Bødal, Loen. Bygd i 1906.
 

Utmarkshus – bygningar som stod i utmarka

Støylshus frå Alme, Vereide. Bygd mellom 1800 og 1850.
Støylshus frå Årholen, Innvik. Bygd mellom 1850 og 1900.
Støylsfjøs for sau frå Gjengedal, Hyen. Bygd mellom 1850 og 1900.

Utmarkslade frå Haugen, Innvik. Bygd mellom 1800 og 1900.
Utmarkslade frå Ulvedal, Innvik. Bygd mellom 1800 og 1900.
Utmarkslade frå Bødal, Loen. Bygd mellom 1800 og 1900.
Utmarkslade frå Gjengedal, Hyen. Bygd mellom 1800 og 1900.
Utmarkslade frå Hatledal, Nedstryn. Bygd mellom 1700 og 1800.
Utmarkslade frå Seljeset, Hornindal. Bygd mellom 1500 og 1700.

Kvernhus frå Mardal, Gimmestad. Bygd 1836.
Stampe frå Gjengedal, Hyen. Bygd mellom 1800 og 1900.
Sag frå Myklebust, Ålfoten. Bygd mellom 1900 og 1940.
Hjulhus, kopi. Bygd 2006.