Museumssøndag: Alle gode ting av tre

Tre er utgangspunkt for mykje. Foto: Eberhard Grossgasteiger på Unsplash.

Utstillinga tek føre seg tre som materiale og alt som kan lagast med tre som utgangspunkt. 

Arrangementet startar klokka 12, med opning av Kjell Lindvik, tidlegare biologilærar. Etter dette blir det omvising i utstillinga, og for dei som ynskjer det kan dei prøve seg på trequizen som tek deg gjennom utstillinga og også ut i friluftsmuseet. Små og store kan også få spikke trenaglar (born under 7 år må ha følgje med vaksne). 

Enkel kafe med sal av kaffi/te og natronkaker. Inngang: 100 kroner, for born: 50 kroner. Museet opnar dørene klokka 11 og er ope til 16.