Klart for opning av museet

Nordfjord Folkemuseum kan igjen ynskje besøkande velkomne frå 2. juni.

Tysdag 2. juni opnar museet opp for besøkande igjen. Det gler vi oss til!

Mange av husa i friluftsmuseet er opne for besøkande, men på grunn av koronasituasjonen vil vi dessverre ikkje tilby omvising. Når ein løyser billett vil ein få utdelt ein rettleiar med informasjon om dei ulike husa, slik at ein kan gjere seg godt kjende på eiga hand.

Vi ber våre besøkande også om å vere merksame på følgjande:

  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon, sjølv milde symptom, ber vi om at du besøkjer oss ein annan gong.
  • Vi tek ikkje i mot kontantar – berre betaling med kort eller Vipps.
  • Følg oppmerkinga i husa og på skilt som er sett opp, om avstand og kor mange det er plass til i dei ulike husa.
  • Vis omsyn til andre besøkande og tilsette.
  • Hugs ein meter avstand, gjerne to om det let seg gjere, og god hand- og hostehygiene!

For skular/grupper:

  • Vi tilbyr undervisningsopplegg for skular og barnehagar – ta kontakt for å avtale nærare.
  • Alle som ynskjer å nytte området i friluftsmuseet kan berre gjere dette etter avtale med museet direkte.

Kontakt oss på telefon: 480 63 234 eller send epost til nfm@misf.no.

Vi vil til slutt informere om at museet kan måtte halde mellombels stengt ved sjukdom. Vi kan og måtte stenge heilt dersom smittesituasjonen endrar seg og vert verre igjen.