Julemarknad 1. desember

Julemarknad 1. desember på Nordfjord Folkemuseum

1. desember mellom klokka 12 og 15 er det klart for julemarknad på museet. Her bli det salsboder, aktivitetar og julestemning!

Dette er noko av det du kan få med deg: 
Luting av fisk, ølbrygging konsert med folkesongar Malin Alander, hestehøyring med Stiftelsen Norsk Fjordhestgard, juleverkstadar, lysstøyping,jjulefilm, open hardingfeleverkstad og du kan helse på sauene! Fjellestad Gardskjøken sel rømegraut og Gloppen Bygdekvinnelag steikjer og sel sveler i kafeen.

Standhaldarar:
Sølvane Gard sel spekemat og skinn
Vaffleriet sel velsmakande søte vaflar
Blomsten og bia såpekokeri sel såper, shampoo og velvereprodukt
Aud Hjelle sel vesker i gjenbruksmaterialar
Siri Myklebust har tova tøflar, vottar, nissar og anna til sals
Elin Pehrson Grytting sel bok og CD om diktarpresten Claus Frimann
Heidi Oskam sel sjølvlaga kokebok med oppskrifter utan gluten, sukker og mjølk
Gloppen sogelag sel Ljøren
Sefar stiller med strikka produkt
Norgesmat kjem med pølser
Sverre Aamodt stiller med sveipa produkt
Sandane Gullsmedforretning sel varer
Gloppen Produsentlag SA kjem med poteter og epler
Trygve Andenes sel røykelaks
Gloppen Handballklubb har julenek til sals
Bjørg-Vigdis Sivertsen flotte strikka produkt
Ei bod stiller med fine steinar
Ellen Skipenes har flotte hekla bamsar til sals
Åse Skrivarvik sel keramikk
Merethe Søgnen stiller med saft, sylte og gele!

Mange av utstillarane har Vipps, men ta med kontantar for å vere på den sikre sida! Vel møtt!