Folkemøte om kulturminneplanen i Gloppen

HØyringsutkast kulturminneplan Gloppen

Høyringsutkastet for kulturminneplan for Gloppen kommune er nyleg lagt ut, og 27. mars er det ope folkemøte på Nordfjord Folkemuseum. Det byrjar klokka 19 og held på fram til klokka 21. Arbeidsgruppa som har jobba med planen vil delta og presentere arbeidet som er gjort og vurderingane som ligg til grunn bak utvalet. Det blir høve til å stille spørsmål og prate om innhaldet. 

Gruppa etterlyser også nokre bygningstypar som var vanlege før og som framleis står i sitt opphavlege miljø. Det gjeld eldhuus, matstove, lade, fjøs og stall. Har du dette i tunet så ynskjer arbeidsgruppa å vite om dette. 

Her kan du laste ned og lese heile planen. Her kan du lese meir om folkemøtet