Bygningssamlinga er digitalisert

Å bevaring og formidle kulturhistoriske gjenstandar og materiale er ei av hovudoppgåvene til musea. Eit viktig ledd i dette er å digitalisere kulturarva, for slik å gjere den tilgjengeleg for fleire. Gjennom å digitalisere samlingane er ein sikra at kulturarven blir teken vare på i framtida, og dei som ynskjer å studere ein gjenstand eller eit bygg treng ikkje nødvendigvis å oppsøkje den fysisk for å bruke den i forsking, formidling eller anna. Difor er vi glade for at vi er i mål med registrering, digitalisering, fotografering og publisering av alle dei 44 bygningane som står i friluftsmuseet. 

Du kan sjølv sjekke det ut ved å besøke digitaltmuseum.no. Her kan du også søkje på andre gjenstandar i samlinga vår, eller i samlingane til ei heil rekkje andre museum.