Bokslepp 29. oktober

Bokslepp på museet

Det blir presentasjon av boka, sal og signering. Boksleppet er arrangert av Selja Forlag og Gloppen Sogelag. Det er gratis inngang og det blir også servert kaffi og noko å bite i. 

Om boka:
Gloppen er ei vakker bygd, og glopparane er kjekke folk, ifølgje denne boka, som gjev ei brei skildring av Gloppe-samfunnet gjennom dei siste vel 150 åra. Forfattaren fortel om levevis i kvardag og fest, skulegang, sport og idrett, lokalpolitikk, samferdsle og turisme, kyrkje og misjon, kunst og kultur, målstrev og fråhaldsarbeid. Firda gymnas er vigd eit eige kapittel, der forfattaren fortel levande om si eiga gymnastid på 60-talet.

Ivar Andenæs ættar frå Jensbruket på Andenes. Farfaren, Mads O. Andenæs, braut opp og vart prest for glopparar og breimningar i Sør-Dakota, og faren, Olaf M. Andenæs, eldstemann av åtte brør, arbeidde på 30-talet som privatpraktiserande lege på Sandane.