Båtdag

Båtbyggjarane Kristen Arnestad og Andreas Mardal ved ein av båtane i prosjektet.

Det blir båtdåp, roing og båtaktivitetar for store og små i Sandane sentrum og du får siste oppdatering på planane om nytt bygg for Holvikejekta.

Tidsskjema:
11:00: Museet opnar - høve til å kikke på båt nummer to og lage minibåtar for dei minste.
12:00: Dåp av første båten til Andreas Mardal og Kristen Arnestad i Grandaparken på Sandane
12:00-15:00: Roing/aktivitet frå flytebrygga i Sandane sentrum
15:00: Anne Kristin Moe held innlegg om planane for nytt bygg til Holvikejekta på Nordfjord Folkemuseum

Dagen er eit samarbeid mellom Nordfjord Folkemuseum og Nordfjordbåtlaget. Båten som skal døypast er den første som er laga i prosjektet "Nordfjordbåt - bygging og bruk". Prosjektet er støtta av Forbundet Kysten, og er sett i verk for å ta vare på og styrke båtbyggartradisjonen knytt til nordfjordbåt