23. desember siste opningsdag i 2019

Historisk julepynt får du hos oss!

Vi har ope frå 10-14 vesle juleaftan og alle kjem gratis inn. Du kan få med deg utstillinga som ser nærare på korleis juletrea våre har sett ut gjennom tidene. To av husa er også opne og pynta til jul. Så treng du inspirasjon til pyntinga kan du kanskje plukke opp eit tips eller to! 

I butikken har vi også historisk julepynt til sals og andre kjekke gåver til store og små. 

23. desember er siste opningsdag i 2019. Museet opnar igjen 2. januar. 

God jul!