Digital jubileumsutstilling

Jubileumsutstillinga ved Nordfjord Folkemuseum

Mange av gjenstandane som er del av jubileumsutstillinga vår finn du også på Digitalt Museum. Vi samla desse i ei digital utstilling, som du kan sjå ved å klikke her. Den ordinære utstillinga inneheld fleire gjenstandar, tekstar og bilete som ikkje er med digitalt, så vi tilrår å kome til museet for å sjå alt i samanheng og kontekst. Når denne våren, sommaren og truleg også hausten vart heilt annleis ein nokon hadde sett føre seg, håpar vi likevel at den digitale utgåva av utstillinga kan vere eit lite plaster på såret for dei som ikkje kan eller ynskjer å reise rundt i år. Utstillinga står fysisk på Nordfjord Folkemuseum ut 2020. 

Utstillinga er laga som ei markering av at museet fyller 100 år i 2020. Gjennom utstillinga får publikum sjå fleire av dei første gjenstandane, som vart samla inn fleire år før museet var ein realitet. Men mange nyare gjenstandar, som kan vekkje minner for folk i alle aldrar, er også henta fram frå magasina.