Gitargruppe frå Måløy songlag og husmorlag. Foto: Ukjend/Fylkesarkivet i Vestland.

I det gamle bondehushaldet glei arbeid, pausar og fritid over i kvarandre. Fritid fekk folk i Noreg først med 8,5-timars dagen i 1918.

Fritid er tid som ikkje vert brukt på betalt eller ubetalt arbeid, og heller ikkje på søvn eller personleg pleie. Denne tida kan brukast på andre aktivitetar. Det kan vere friluftsliv og kulturtilbod, hobbyar, mediebruk, hagestell, sport og sosial omgang med familie og vener.

I utstillinga får du gjennom gjenstandar og foto eit innblikk i utviklinga av fritida vår gjennom 100 år. 

Utstillinga opna 4. mars, og du kan sjå den heile 2021.