Bilete av Nordfjord Folkemuseum frå då det låg i Åsen på Sandane. Foto: Mittet & Co.

4. januar 1908 vart Nordfjord Sogelag skipa. Eit av føremåla var å byggje eit folkemuseum i Nordfjord. Firda Ungdomslag hadde museumsskiping på dagsorden året før. Interessa for eit regionalt museum, som femna breiare enn dei eksisterande, mindre og private samlingane, var klart til stades.

Byggeplanen var på plass i 1915, og allereie året etter var stova frå Sæten oppe. I 1919 utgjorde seks gamle hus eit lite friluftsmuseum. Det var lite pengar å hente, og mykje dugnadsarbeid frå lag og organisasjonar vart lagt ned før museet endeleg kunne opne for publikum. 

Gjennom utstillinga får publikum sjå fleire av dei første gjenstandane, som vart samla inn fleire år før museet var ein realitet. Men mange nyare gjenstandar, som kan vekkje minner for folk i alle aldrar, er også henta fram frå magasina.

Du får også ein smakebit av utstillinga ved å klikke deg inn på Digitalt Museum her