Båtbyggjar Andreas Mardal er i skogen for å finne materiale til nordfjordbåten han skal bygge.

I 2018 vart det klart at "Nordfjordbåt - bygging og bruk" var eit av elleve prosjekt som fekk støtte frå Forbundet Kysten og Sparebankstiftinga DnB. Prosjektet, der båtbyggjar Kristen Arnestad rettleiar lærling Andreas Mardal, har til no resultert i to nordfjordbåtar. Ein båtbyggjarverkstad er også på plass, noko som gjer det mogleg for Andreas Mardal å halde fram med å ta vare på den handlingsborne kunnskapen og tradisjonen. Den tredje og siste båten i prosjektet er no under planlegging. 

Samstundes har dei to nyleg avslutta innspelinga av dei siste scenene til ein dokumentarfilm som syner bygginga av tre ulike tradisjonsbåtar. Nøyaktig dato for premieren er førebles ikkje sett, men det blir filmpremiere på Nordfjord Folkemuseum i løpet av våren eller sommaren 2020. 

Her kan du sjå eit klipp frå delar av arbeidsprosessen til dei to nordfjordbåtbyggjarane.