Jul i Nordfjord for 2019 er klart!

Årets juleutstilling handlar om juletre - så her kan du hente inspirasjon frå fleire epokar! På opningsdagen blir det sjølvsagt omvising i utstillinga. 

Vi lanserer også årets utgåve av Jul i Nordfjord! Mellom anna blir forfattar Elin Grytting med oss, og fortel om diktarpresten Claus Frimann. Det er berre ein av artiklane du kan få med deg i "Jul i Nordfjord" 2019. Du kan også lese om Singerheimen, Pilegrimsvegen i Selje og skaparen av suksesserien "Lovleg", for å nemne noko!

Museet er ope frå 11-16, arrangementet startar 13:00. Inngang: 100 for vaksne, 50 for born.

Tags