Singerheimen i Olden.

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil saman med Musea i Sogn og Fjordane og styret i Stiftinga Singerheimen informere om dei ulike prosessane som er sett i gong kring Singerheimen, og få innspel frå innbyggjarane i Olden. I vår varsla fylkeskommunen oppstart av ei fredingssak for eigedomen, for å bidra til å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane i anlegget. Samstundes undersøkjer styret og stiftarane av Singerheimen ulike driftsmoglegheiter, mellom anna om anlegget kan drivast som ein del av Musea i Sogn og Fjordane. 

Møtet vert halde 15. oktober klokka 18:00, og vert i storsalen på eldresenteret i Olden.