Potetkakebaking for alle 9.klassingane i Nordfjord.

Nordfjord Folkemuseum ynskjer å tilby ei rekkje pedagogiske opplegg tilpassa born og unge i alle aldrar. Målet er å ha fleire ulike tilbod og aktivitetar som femnar om tema som det er naturleg for oss å ta opp og engasjere oss i. Vi tek gjerne i mot tilbakemelding dersom det er tilbod som de meiner vi burde ha på planen!

Opplegga varer mellom ein og to timar. Det er sett eit makstal på 30 elevar på dei ulike tilboda, så lenge noko anna ikkje er spesifisert. Tilboda tek utgangspunkt i læreplanane for ulike fag og årssteg. Nokre av opplegga er knytte til skiftande utstillingar.

Nye opplegg skuleåret 2019/2020:
Alle gode ting av tre - frå veke 38 til veke 52, og våren 2020 for alle
Visste du at tre er ein viktig ingrediens i medisin og godteri? Eller at nokre klede er laga med tre som materiale? Alt dette og meir til ser vi nærare på i opplegget om «Alle gode ting av tre». Vi tek utgangspunkt i utstillinga med same namn, men vi undersøkjer også trea der dei står i friluftsmuseet. Vi studerer skilnadar og likskapar på tresortane, reknar oss fram til kor høge dei er, og gjer fleire praktiske oppgåver knytt til trea. Opplegget kan tilpassast alle alderstrinn.

Ein bit av demokratiet  - opplegg for ungdomstrinnet, men kan tilpassast
Hausten 2019 er det kommune- og fylkestingsval for første gong i Vestland fylke. 2019 markerer også 100-årsjubileet for innføringa av den allmenne stemmeretten i Noreg i praksis. Korleis har demokratiet og stemmeretten fungert i Nordfjord (eller Nordre Bergenhus amt) frå det første stortingsvalet i 1814 og fram til i dag? Korleis ville Noreg vore utan demokratiet? Vi tek ein historisk skuletime i skulestova. Det blir nokre praktiske oppgåver og vi lærer om den første Stortingsmannen frå Nordfjord, Erik Olson Nord.

Matstell i gamle dagar - lokalt DKS-opplegg 7.klasse
Kjøkkenreiskapane og matvanane våre er heile tida i endring. Kva har skjedd sidan stabburet på Hole vart sett opp i 1770åra og fram til i dag? Kva er skilnaden på maten vi lagar no, og den som oldeforeldra eller besteforeldra vaks opp med? Vi lagar enkel tradisjonsmat. Fast DKS-opplegg for 7.klasse (i Gloppen) frå 2019.

Klikk her for ei fullstendig oversikt over alle pedagogiske tilbod frå Nordfjord Folkemuseum. Har du spørsmål? Send ein epost til: eva.marie.felde@misf.museum.no