Familiedag på museet 10.juli

Bli med på familiedagen vår 10.juli frå 12:00 til 16:00. Det blir hestekøyring og riding med Stiftelsen Norsk Fjordhestgard og båtdåp med Nordfjordbåtlaget. Du kan få omvising på Holvikejekta, lage båt og potetkake, prøve deg på hesteskokasting eller trequiz. Vi har stram line og stylter også. Det kan kome meir på programmet! Kafe med natronkaker og pølser med brød. Inngang: 100 for vaksne 50 for born. Vel møtt!

Program: Alle aktivitetane går heile dagen, men desse er til spesifikke tidspunkt:
14:00 Båtdåp ved Frislidlada
14:30 Aktivitetar på fjorden ved Holvikejekta
15:00 Omvising ved Holvikejekta