Frå konserten i Frislidlada 2018.

Den reindyrka bluegrasskonserten under Norsk Countrytreff blir søndag 14.juli klokka 19:00 i Frislidlada på Nordfjord Folkemuseum, Sandane. I den tradisjonsrike lada frå 1861 spelar lokale Misery & Co frå Nordfjordeid, samt The Bluegrass Boogiemen frå Nederland.

Det nederlandske bandet har spelt saman i fleire år, og har under konserten med seg gjestesongar Cor Sanne. Musikken deira er både sjølvlaga materiale og songar frå Bill Monroe, The Stanley Brothers, Jimmie Martin og mange mange fleire. Det blir musikk med høgt tempo, humor og snert når dei stiller seg på scena. Chris Hillman (The Byrds/The Desert Rose Band) brukte bandet då han var på turne i Nederland. The Bluegrass Boogiemen er eit av dei mest kjende bluegrassbanda i Nederland. 

På scena står også Misery & Co frå Nordfjordeid. Dei leverer bluegrass og akustisk country spelt med humør og trøkk. Silvia, Oddbjørn, Atle, Eirik og Sigmund stiller med gitar, banjo, fele og kontrabass og garanterer topp stemning med låtar av mellom andre Chris Stapleton og Alison Krauss.

Sjå Norsk Countrytreff for meir informasjon og kjøp av billettar til konserten. Du får også kjøpt billettar ved inngangen.