Alle gode ting av tre. Foto: Bryan Minear på Unsplash

Visste du at tre er ein viktig ingrediens i medisin og godteri? Og har du tenkt over alle vakre gjenstandane som kan lagast med tre som råvare? Vi set no opp utstillinga «Alle gode ting av tre». Den tek føre seg bruken av tre i eit historisk perspektiv. Tidlegare var tre nær den einaste, og klart rimelegaste og mest tilgjengelege, råvara. I dag har plast, metallar og anna erstatta mykje, men framleis er tre eit viktig produkt.

Museumssamlingane syner tydeleg kor mangfaldig tre som råvare er. Der er verktøy til å produsere bastetau, sveipa, fletta og dreia produkt. Og sjølvsagt døme på alle dei vakre gjenstandane som ein kunne selje og tene seg nokre kroner på. I utstillinga kan du også sjå klede av cellulose, papir i ulike varianter, restar av tjørebrenning og møblement med vakre utskjeringar. 

I utstillinga tek vi også føre oss nokre av dei vanlegaste treslaga i området, og korleis trea er bygde opp. Det er stor variasjon på treslaga, og det er jo noko av det som gjer at dei kan brukast til så utruleg mykje. Alle har sine styrkar, som folk opp gjennom tidene har vore flinke til å utnytte.

Utstillinga står til våren 2020.