Skisse til vernebygg for Holvikejekta.

Holvikejekta vart bygd i 1881 og er den største bevarte klinkbygde jekta i landet og er unik i verda. Den er den siste av dei store opne fraktefartøya, jektene, som i over 400 år frakta fisk og ved til Bergen og urbane impulsar attende til norske bygder. 

Musea i Sogn og Fjordane søkjer no om støtte for å kunne realisere eit vernebygg for Holvikejekta. Du kan lese heile prospektet her. 

Fleire maritime miljø har også kome med støtteerklæringar i samband med søknaden, desse kan du lese her.