Har du tenkt på at mange kvinner fekk plass til alt dei eigde i brurakistene sine når dei flytta frå heimegarden? Får du plass til det du treng i handveska, eller er trillekofferten din trufaste følgjesvein på reise? Dersom du måtte reise frå heimen din og legge ut på ei strabasiøs og kanskje farefull ferd for å nå ditt nye heimeland – kva ville du pakka i?

Alt dette er spørsmål utstillinga «På reise» har sett nærare på, og som du får sjansen til å lære meir om. Utstillinga er eit samarbeid mellom elevar ved interiør- og utstillingsdesign ved Eid vidaregåande skule og Nordfjord Folkemuseum. Søndag 24.mars arrangerer vi i samband med utstillinga museumssøndag med innlegg frå lokalhistorikaren Paul O. Tomasgard, som har skrive bok om nokre av dei som emigrerte til Amerika frå Hornindal. Naram Samman frå Syria og Khadra Mohammed Ahmed frå Somalia, som er to av elevane bak utstillinga, vil også fortelje sine historier om deira reise til Noreg.

Inngang 100 kroner for vaksne og 50 for born. Kafe med natronkaker og kaffi/te. Museet er ope frå 11-16, medan arrangementet startar klokka 13. Vel møtt!