FAST UTSTILLING

Vår faste kulturhistoriske utstilling viser nokre av dei kring 25 000 gjenstandane museet har i frå Nordfjord. Her finn du mellom anna ei samling av skåp og stolar frå forskjellige tider, eit eksemplar av nordfjordbåten, folkedrakt og brudepynt, våpen og felemakarutstyr.

Som ein del av den faste utstillinga er "Stårheimbutikken" - Mathilde Orheim ass. Landhandel frå Stårheim i Eid kommune. Landhandelen vart opna i 1937 av Mathilde Orheim Starheim (f.1906). Ho dreiv butikken saman med mannen sin, Karl Starheim (f.1909) fram til 1980-talet. I 2004/2005 vart butikken flytta til Nordfjord Folkemuseum og sett opp her.