Museet si historie

Støyl Nordfjord Folkemuseum

Foto: Espen Mills

 

Nordfjord Folkemuseum vart opna i 1920, men allereie i 1907 vart det teke initiativ til å reise eit bygdemuseum for bygdene i Gloppen prestegjeld. Samstundes tok Firda Ungdomslag opp spørsmålet om å reisa eit museum for heile Nordfjord. Resultatet vart skipinga av eit sogelag i 1908, beståande av begge partar, som skulle ha som oppgåve å samle pengar og tilfang til eit folkemuseum som tok vare på ting frå den gamle bygdekulturen i Nordfjord.

Etter ei hard lokaliseringsstrid vart det i 1910 bestemt at museet skulle ligge på Sandane. Det fekk ei tomt i Åsen som Gloppen heradstyre hadde stilt til rådvelde, samt eit mål på Øyrane, der fartøyet Holvikejekta låg. I 1915 fekk Nordfjord Folkemuseum eige styre, og sogelaget overga museumsstyret alt vedkomande museet og jekta.

25.juli 1920 vart Nordfjord Folkemuseum opna, som eit lite friluftsmuseum med stover frå Sæta, Otnheim og Dispa, bu og stabbur frå Heggdal, samt Austrheim gamle skulehus. I løpet av dei neste åra kom det til ei stove og ei nystove frå Ramnestad og ei bu frå Bergset. I 1950 hadde museet ti bygningar og 2000 gjenstandar. Det var ønske om ei ny museumsplan, og museet vende seg til Gloppen Heradstyre med spørsmål om større tomt.

Etter råd frå Norske Museers Landsforbund og arkitekt Arne Berg vart museet flytt til eit anna og større område, Jølet. Arne Berg utarbeidde også planen til museet. Dei fyrste husa vart flytt i 1960, og seks år seinare var alle ti husa frå Åsen på plass i Jølet. Frå 1967 vart det sett i gong ein målviten innsats for å få tak i hustypar som ikkje var representert på museet frå før. Ein gjekk inn for å berre flytte hus som elles ikkje ville verte tekne vare på av eigarane.

I dag er det 44 bygningar i friluftsmuseet i tillegg til administrasjonsbygget som kom på plass i 1995 med magasin, utstillingshall, kafé, og kontor.

I 2009 vart Nordfjord Folkemuseum ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MISF) som er det konsoliderte museet for Sogn og Fjordane. Eigarstyret til Nordfjord Folkemuseum har overdrege det faglige, administrative og økonomiske ansvaret til det konsoliderte museet. Verksemda vert framleis finansiert gjennom statlege, fylkeskommunale og kommunale tilskot, samt eigne inntekter.