Omvisingar

Omvising med guide

Foto: Espen Mills

Daglege omvisingar i sommarsesongen

I sommarsesongen fram til 01. september tilbyr vi daglege omvisingar for publikum kl.13. Desse omvisingane er inkludert i inngangsbilletten.

Omvising med guide - for grupper 

Omvisingar elles i året og for eigne grupper må avtalast på førehand. 
Pris for eigen omvising er kr. 100 pr. person (10 -20 personar per gruppe).

Nordfjord Folkemuseum tilbyr omvisingar på norsk og engelsk.

For å tinge omvising, kontakt oss på telefon 57 88 45 40 eller e-post:nfm@misf.museum.no 

Hovudbygget ved Nordfjord Folkemuseum er universelt utforma. Dessverre er dei færraste antikvariske bygga tilrettelagt for rullestol. Dersom du ynskjer å besøke museet og har spesielle behov i tilknyting til dette, så ta gjerne kontakt med oss. Vi oppmodar også grupper om å melde frå om spesielle behov når de tingar omvising. Dette gjeld også skular/barnehagar.

Skule og barnehage

Vi tilbyr ulike opplegg for barnehage, grunn- og vidaregåandeskule og høgskular. 
Desse tilboda er gratis. Les om undervisningstilboda våre her