SKIFTANDE UTSTILLINGAR

Tromme Nordfjord Folkemuseum

31.08 - 13.11.2016 viser museet vandreutstillinga "Ja takk begge deler! Musikk og nasjonale minoriteter”.

Utstillinga  viser musikken og historiene til dei fem nasjonale minoritetane i Noreg jødar, kvenar, rom, romanifolket og skogfinnar. Minoritetane sine stemmer kombinerast med musikkvideo, bilder og tekst for å utfordre forestillingane våre om kva det betyr å tilhøyre ein minoritet – eller en majoritet.

Ein nasjonal minoritet er ei gruppe menneske med etniske, språklige, kulturelle og/eller religiøse særtrekk, og som har langvarig tilknytning til landet dei bur i. Utstillinga gir besøkande eit møte med artistar som ikkje vil settast berre i ein bås, men som seier ” Ja takk, begge deler” når dei utforskar musikalske verdenar på sine eigne måter. Jødisk rapp, skogfinsk blues og kvensk pop er tilstades, men også urgamle ritual og tradisjonelle musikkstilar som har vore overlevert frå generasjon til generasjon. 

”Ja takk, begge deler! Musikk og nasjonale minoriteter” er laga av Ringve Museum i samarbeid med ei rekkje organisasjonar og individ, og har fått økonomisk støtte fra Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet. Utstillinga markerar nasjonalminoritetenes tradisjoner og kreative utvikling – et mangfold av kulturuttrykk som fremstår sterkt i dag, til tross for tidligere tiders undertrykking og diskriminering.

I samband med at utstillinga står på Nordfjord Folkemuseum, viser vi også nokre av instrumenta frå samlinga vår.