Museumssøndag: Strieskjorta og havrelefsa

Første museumssøndag i 2019 handlar om tekstilproduksjon i Nordfjord.

Konservator Ingrid Berger held innlegg om lokal tekstilproduksjon, og det blir omvising i utstillinga Tekstilarbeid - frå fiber til tråd. Tone Barnung, nestleiar i Gamle Innvik ullvarefabrikk og designar ved Innvik Sellgren kjem også. Ho fortel om tekstilproduksjonen i Nordfjord frå ein industriell ståstad, og om fabrikken.

Strieskjorta kan du sjå i utstillinga og med på kjøpet i dag får du også ein smakebit av havrelefsa! Du får også høve til å prøve å bråke lin og karde ull. Inngang: 100 for vaksne 50 for born. Museet er ope frå 11-16, medan sjølve arrangementet startar klokka 12.