Julemarknad 2.desember

Juleverkstad under julemarknaden i 2017

Årets julemarknad skjer på Nordfjord Folkemuseum søndag 2.desember mellom 12-15. Der kan du handle julegåver, snadder til julehøgtida og mykje anna. Det blir også intimkonsert, juleverkstad med toving, lysstøyping og juletrepynt, ølbrygging og hestekøyring. Du kan besøke felemakaren sin verkstad og mette magen med rømmegraut eller sveler. Klokka 14:00 spenner Gloppen hardingfelelag bogane og spelar opp i Moritsstova. 

Desse utstillarane er klare for julemarknad! 
BergArt Gullsmedverkstad - smykker
Aud Hjelle - vesker
Gloppen sogelag - sal av Ljøren
Audhild Bogstad - heimelaga kort
Vaffleriet - minipannekaker og sirupsvaflar
Fryd design - vesker, smykker, lys, englar www.fryddesign.no
Randi Nordheim - akvarellar 
Dina Kolås - bilete av ull
Inger Walaker Øvrebø - treskåler, sydde småting, toalettvesker, løparar, handlenett med meir
Evy Bergheim - dekorerte lys
Vestrøna - sunnfjordlefser, flatbrød, fiskebrød, polarbrød med meir
Sølvane Gard - spekemat, julemat og skinn frå bøndene i Kandal
Sverre Åmot - treprodukt
Siri Myklebust - strikka og tova produkt
DiVi foto - fotokort
Støylen Egg - egg
Lopperiet - Loppemarknaden Stiftinga Kyrkjelydsarbeid i Gloppen - julekuler og anna julepynt
Kystkulturlaget i Vågsøy - tørrsild
Fjellestad Gardskjøken sel rømmegraut i kafeen
Hyen Bygdekvinnelag står for svele og kaffiservering i kafeen

Vel møt til lokal og triveleg handel og aktivitet!