Mangfaldig museumshelg for store og små

Elevar frå danselinja på Firda vidaregåande skule inviterer til dans i skumringstimen.

- Tidlegare i år fekk vi støtte frå DnB-stiftelsen og Fobundet Kysten til eit prosjekt om bygging og bruk av nordfjordbåt, og no held Kristen Arnestad og læresvein Andreas Mardal på med den første båten. Laurdag kan dei som vil besøkje båtverkstaden og sjå korleis ein nordfjordbåt blir bygd, seier avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe.

Båtverkstaden er open for publikum frå 13:30 til 16:30. Det er museet som har ansvar for prosjektet og som tek seg av aktivitetar knytt til formidling og kunnskapsspreiing. Dei to båtbyggarane er heilt i innspurten på båten, men opnar likevel for at interesserte kan få sjå kulturarv og handlingsboren kunnskap i levande live denne dagen. Du finn kart til båtverkstaden på slutten av saka. 

- Det er ikkje så ofte ein får høve til dette, spesielt her, sidan så få driv med bygging av nordfjordbåt. Dette tilbodet er ein unik sjanse, og folk må kjenne si besøkelsestid, seier Moe.

Skummel museumssøndag

For dei yngre i familien blir opplegget på søndag på museet kanskje vel så spanande. Då inviterer dei nemleg til skummelt museum frå klokka 15:00 til 18:00. Museet er ope som vanleg frå klokka 12. 

- Mange museum rundt om i verda skipar til natt på museet eller liknande, og vi tenkte at vår variant kunne vere skummelt museum. Vi får besøk av elevar frå danselinja på Firda som brukar arealet ute i friluftsområdet til å utfalde seg og trollbinde både kvarandre og publikum. Hanne Oftedal skal lese lokale eventyr med hint av grøss og gru, noko eg trur blir både kjekt og litt skummelt, seier Moe med eit smil.

Slutten av oktober er for mange knytt til Halloween og utkleding, men i norsk historie er det få trådar å spore tilbake til slike tradisjonar. Allehelgensaftan som er 31.oktober er opphavleg ein keltisk tradisjon, der ein søkte vern mot dei avdøde sine ånder.

- Her i Noreg er det kring solsnu sommar og vinter dei «farlege nettene» var, med julebukk som er den tradisjonelle utkledningsfesten. Men Halloween har blitt ein tradisjon i Norge, og vi vil nytte anledninga til å løfte fram dei skumle skikkelsane i norsk kulturhistorie, som dei underjordiske. Og om nokon ynskjer å kle seg ut, kanskje litt skummelt til og med, så er dei hjarteleg velkomne til det, seier Moe.

Kart til båtverkstaden.