Aktivitetsdag for psykisk helse

Eplepressing er ein av aktivitetane du kan vere med på under aktivitetsdagen.

Aktivitetsdagen som er ei markering av verdsdagen for psykisk helse startar på museet klokka 14 med appell ved ordførar Leidulf Gloppestad og kulturinnslag. 

Vidare får store og små høve til å køyre med hest, prøve hesteskokast, presse eple, leike og kose seg ute i friluftsmuseet. I Trivselshallen er klatreveggen open og det blir lagt til rette for ballspel og aktivitet der også. 

Alle aktivitetane er gratis, og vi sel sveler og pølse med brød i kaffen på museet!

Hugs gode kle, og innesko til hallen!

Temaet for verdsdagen for psykisk helse i år er «Ver raus».Dette temaet passer godt i Gloppen no. I vår fekk vi ny kommuneplan (samfunnsdel), og den sett fokus på det å bygge rike og rause livsmiljø i Gloppen. Å vere raus betyr å gi noko utan å forvente noko tilbake. Det kan innebere å gå ut av komfortsona. Det kan vere å strekke seg litt ekstra for at alle skal føle seg heime. Det kan vere å invitere med nokon som er annleis enn seg sjølv. Når vi er rause med kvarandre, blir vi rike i lag. Både nyfødde babyar, barn, ungdom, vaksne og eldre har ei psykisk helse, så vel som ei fysisk. Det å høyre til eit fellesskap er viktig for alle, og det skal ikkje alltid så mykje til for å gi nokon ei kjensle av å bli sett. Augekontakt og eit smil er eit språk alle forstår. Vi har lagt vekt på at det skal vere sosiale aktivitetar, som «rister folk saman», og som er kjekt for både store og små. Det er tredje gongen vi markerer verdsdagen for psykisk helse med ein aktivitetsdag.

Arrangementet er eit samarbeid mellom frivillige lag og organisasjonar, Gloppen Frivilligsentral, Nordfjord folkemuseum, Gloppen kommune og NAV Gloppen.